Alle som kan vere med å bidra til å gjere det enno betre for barn og ungdom på Osterøy er velkomen til felles foreldremøte i Osterøyhallen 19.11.24 kl. 17.30-20.00.
- Tenesteleiar for skule ønskjer velkomen
- Andreas Birkaas og Ole K. Tveiten: Vår historie
- Familiens Hus: Kva verktøy har vi hjå oss?
- Innlegg frå føresette, lag og organisasjonar: Korleis kan vi bidra i kvardagen?
- Innlegg frå Idrett utan alkohol: Rollemodellar
- Innlegg frå Osterøy politikammer: Førebyggande arbeid
- Ordførar takkar for møte
Det vil vere stands frå ulike lag og organisasjonar i Osterøyhallen etter møte.