Hopp til hovedinnhold

Samarbeid skule-heim

Osterøy vgs ønsker å ha eit nært og godt samarbeid med foreldre/føresette.

Skulen skal halde kontakt med foreldre/føresette til elevar som ikkje er myndige gjennom heile opplæringsåret. 

Foreldremøte og utviklingssamtale

Skulen inviterer til foreldremøte for alle vg1 og vg2 elevane i september. På desse møta vert det gjeve informasjon frå skulen si leiing og frå kontaktlærarane. Det vert invitert til utviklingssamtalar i løpet av november. 

Vi oppmodar foreldre/føresette om å nytta dei foreldremøta skulen legg opp til for å få informasjon og vera i dialog om eleven sin skulekvardag og utvikling.

Ved oppstart får alle elevar tilbod om ein startsamtale med kontaktlærar. Kontaktlærar er ein viktig kontaktperson for både eleven og føresette når det gjeld forhold knytt til helse, trivsel og læring.
I det skuleadministrative systemet VIS finn eleven oversikt over mellom anna timeplanen, vurderingar, karakterer, fråvær og søknadar. Foreldre/føresette har innsyn i karakterane til sine barn via innlogging i VIS.

Fråvær

Fråværsgrensa gjeld for alle elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne. I korte trekk gjeld fylgjande:

  • Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
  • Om ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og lærar kan heller ikkje setje slike karakterar.
  • Eleven må leggja fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unnateke frå fråværsgrensa.
  • Om eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor avgjera at han eller ho likevel skal få karakter.
  • Fråværsgrensa gjeld timetal i enkeltfag, ikkje elevane sitt totale fråvær.
  • Eleven skal få eit varsel om at han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.

FråværsreglementMeir om fråvær på Udir.no