- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Tilrettelagt opplæring

Velkomen til skulen vår
Osterøy vgs ligg i Lonevåg på Osterøy ca. 40 min køyring frå Bergen sentrum. Skulen har om lag 180 elevar fordelt på fire utdanningsprogram. Det moderne skulebygget var ferdigstilt i 2010, med mykje nytt utstyr og lyse trivelege lokaler. På skulen jobbar vi aktivt for eit godt og inkluderande skulemiljø, og vi har svært gode resultat innan trivsel, læringskultur, faglege utfordringar samt elevdemokrati og elevmedverknad.Foreldremøte for vg2 yrkesfag
Torsdag 15. oktober kl. 17.00 er det informasjonsmøte for føresette til elevar på vg2 yrkesfag. Tema for møte er skulemiljø, fråværsreglar, årsplanar, praksis og vegen til læreplass. Takk for at du melder deg på, slik at vi veit kor mange som kjem frå kvar klasse.
Miljøet på skulen
Vi jobbar aktivt og systematisk for at det skal vere eit godt psykososialt miljø på skulen, der kvar enkelt elev kan oppleva tryggheit og sosial tilhøyrsle. Eleven sitt psykososiale miljø dreier seg om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen.Aktuelle saker
02.07.2026
Skulestart 2026/2027
Velkomen til eit nytt skuleår! Her er viktig informasjon for deg som elev på Osterøy vidaregåande skule til hausten.

30.06.2026
Jobb- og utdanningsmessa 2026
Sett av datoen 12.11.26 for årets Jobb- og utdanningsmesse i Osterøyhallen.