Skulen har eit flott bibliotek. Her er det mogleg å låna bøker og tidsskrift, spela spel og det er studieplassar der elevane kan arbeida med skulearbeid. Alle elevar får låna gratis lærebøker gjennom ei utlånsordning frå skulebiblioteket.
Opningstider
Mandag: 13.00-15.30
Onsdag: 08.00-14.00
Torsdag 08.00-14.00
Vestland fylkeskommune har utarbeidd ei digital skjemaløysing for avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv. for elevar i vidaregåande opplæring. Elevar må visa til kvittering for innsendt kontrakt for å få låna lærebøker. Det blir enkelsignering for alle som er 18 og oppover og dobbelsignering frå elev og førsesett for dei under 18 år.
Avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv. for elevar i vidaregåande opplæring
Avtalen skal dekke storparten av lån-, leige- eller kjøpsforholda mellom elev og vidaregåande skule. Ikkje alle punkt er relevante for alle elevar.
Utlån av lærebøker, bibliotekbøker og/eller anna materiell
- Tilbakelevering
Lånetida for lærebøker og/eller anna materiell er 1 skuleår. Det utlånte materiellet skal leverast tilbake i god stand ved skuleåret sin slutt, seinast siste skuledag kvart skuleår. Dersom eleven sluttar eller byter skule tidlegare, skal det utlånte materiellet leverast attende seinast 14 dagar etter sluttdato.
Eleven må levere tilbake det same eksemplaret som vart lånt ut. Det er viktig å hugse på og ta omsyn til at det utlånte materiellet skal brukast av andre elevar etterpå, jf. gjeldande ordensreglement.
Bibliotekbøker skal leverast tilbake i samsvar med reglane skulebiblioteket har for utlån.
- Tilstand
Det utlånte materiellet skal leverast tilbake i same tilstand som ved utlån, med unntak av normal slitasje. Dette inneber at bøkene/skuleutstyret skal vere reine, vere utan skrift, markeringar eller liknande og at strekkoden skal vere heil. Eleven kan likevel skrive namnet sitt på innsida av permen på lærebøkene.
- Erstatningsansvar
Dersom utlånt materiell vert øydelagt, ikkje vert levert attende eller elles kjem bort, er eleven eller føresette erstatningspliktige etter denne avtala og etter reglane i skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2. Det vert ikkje kravd erstatning for normal slitasje som følgjer av vanleg bruk.
Skulen vil i tilfelle sende eleven/føresette faktura med krav om betaling for kostnaden med kjøp av ny bok/utstyr. Faktura vert ikkje trekt tilbake sjølv om det utlånte materialet seinare vert levert inn. Ved manglande betaling innan fristen, vert det sendt purring før kravet vert sendt til inkasso.
- Felles innkjøp skulemateriell/-utstyr
Dersom læremiddel/skuleutstyr som eleven skal halda sjølv vert innkjøpt felles for klasse, og skal dekkast av kvar einskild elev i klassen, vert eleven økonomisk ansvarleg for sin del.
- Anna skulemateriell og utstyr
Ved utlån eller sal av anna skulemateriell/-utstyr som ikkje er dekka av punkta over, kan det vera fastsett eigen leigesum/salssum.
Utlånsreglar
Du treng lånekort for å låne bøker og anna materiale i biblioteket. Nasjonalt bibliotekkort får du i biblioteket ved å vise fram legitimasjon.
Det er viktig at alt materiale som blir tatt ut av biblioteket vert registrert.
Lånefristar
- 4 veker for bøker
- 4 veker for lydbøker
- 1 veke for DVD
- 2 veker for tidsskrift
Fornye lån
Dersom ingen står på venteliste, kan du fornya låna dine. Dette kan du enten utføra sjølv i Meg & mitt i websøket eller du kan vende deg i skranken.
Reservering
Utlånt materiale kan reserverast. Du får beskjed når utlånt materiale blir tilgjengelig for deg.
For sein tilbakelevering
Dersom bøker og anna materiale ikke blir levert tilbake i rett tid, blir det sendt purring. 3. purring blir sendt heim til eleven si heimeadresse.
Erstatning
Eleven er ansvarleg for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 3. purring utan reaksjon frå eleven, blir det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.
Lærebøker
Alle elevar får låne lærebøker på skulebiblioteket. For at du skal få lånt desse bøkene må du på førehand ha signert ei digital lånekontrakt. Du treng MinID.
Merk deg at dine føresette og må signere avtalen, dersom du er under 18 år.
Alle elevar må signere låneavtale kvart skuleår.
Merk at du må vise fram kvittering på signert lånekontrakt før du kan få utlevert skulebøker.
Vi ber deg signere lånekontrakta før du møter første skuledag her.
Bibliotekaren
Reidun Elise Foldøy er bibliotekar ved skulen. Ho kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna.
Kjeldekritikk og kjeldebruk
Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finna eigna og kvalitetssikra informasjon.
Du kan ikkje klippa og lima andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiera? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldekritikk og kjeldebruk.
Les meir om kjeldekritikk og kjeldebruk
Fordjupningsoppgåve
Elevane i 3ST skal gjennomføra eit arbeid med ei sjølvalgt fordjupningsoppgåve, her finn du litt meir informasjon.
Les meir om fordjupingsoppgåve