Hopp til hovedinnhold

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Kjeldekritikk

  • Kven er ansvarleg? Sjå på utgjevar, domenet, kan personen/organisasjonen kontaktast?
  • Er kjelda fagleg anerkjend?
  • Kven er målgruppa? 
  • Kva er motivet? ( Er framstillinga reklame, fakta eller meiningar?)
  • Når blei kjelda sist oppdatert?
  • Har kjelda ei god og aktuell lenkesamling? 
  • Er språkbruken truverdig? Sjå etter skrivefeil.
  • Har kjelda ein god og tydeleg layout?


Kjeldebruk

Først må du finne ut:

  • Kva kan du om emnet frå før?
  • Kor omfattande er oppgåva?
  • Kor lang tid har du til disposisjon?
  • Er temaet du skal jobbe med statisk (liten el. ingen endring) eller dynamisk (i endring)?

Oppgi kjeldene du har brukt.

Du skal oppgi kva for kjelder du har brukt i oppgåva di. Dette blir kalt for tilvisingar, sitering og litteraturliste. Hensikta er å:

  • anerkjenne andre forfattarar sitt arbeid
  • vise at du har sett deg inn i emnet
  • setje arbeidet ditt inn i ein større fagleg samanheng
  • vise at du beherskar teknikken med å oppgi kjelder

 

Nyttige lenkjer

Ung.no - kildekritikk - Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Dersom du er interessert i ei meir omfattande oversikt kan du prøva:

Søk og Skriv - nettbasert kurs utarbeidd av UBB, NHH, HiB
Kilder, sitater, referanseliste - Høgskolen Stord/Haugesund