Kjeldekritikk
- Kven er ansvarleg? Sjå på utgjevar, domenet, kan personen/organisasjonen kontaktast?
- Er kjelda fagleg anerkjend?
- Kven er målgruppa?
- Kva er motivet? ( Er framstillinga reklame, fakta eller meiningar?)
- Når blei kjelda sist oppdatert?
- Har kjelda ei god og aktuell lenkesamling?
- Er språkbruken truverdig? Sjå etter skrivefeil.
- Har kjelda ein god og tydeleg layout?
Kjeldebruk
Først må du finne ut:
- Kva kan du om emnet frå før?
- Kor omfattande er oppgåva?
- Kor lang tid har du til disposisjon?
- Er temaet du skal jobbe med statisk (liten el. ingen endring) eller dynamisk (i endring)?
Oppgi kjeldene du har brukt.
Du skal oppgi kva for kjelder du har brukt i oppgåva di. Dette blir kalt for tilvisingar, sitering og litteraturliste. Hensikta er å:
- anerkjenne andre forfattarar sitt arbeid
- vise at du har sett deg inn i emnet
- setje arbeidet ditt inn i ein større fagleg samanheng
- vise at du beherskar teknikken med å oppgi kjelder
Nyttige lenkjer
Ung.no - kildekritikk - Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Dersom du er interessert i ei meir omfattande oversikt kan du prøva:
Søk og Skriv - nettbasert kurs utarbeidd av UBB, NHH, HiB
Kilder, sitater, referanseliste - Høgskolen Stord/Haugesund