Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Tilrettelagt opplæring
Vi tilbyr tilrettelagt opplæring til elevar som ikkje kan følge ordinær opplæring. Opplæringa er spesielt tilpassa den enkelte elev sine behov og forutsetningar, og foregår i små grupper. Elevane får opplæring både på skulen og gjennom praksis i ulike bedrifter.
Vi har to ulike tilbod innan Tilrettelagt opplæring, og opplæringa har som mål om å gje kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Elevane skal meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift. Når elevane avsluttar opplæringa i vidaregåande skule, får dei eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Opplæringa i Tilrettelagt opplæring er knytt til utdanningsprogramma
• Teknologi- og industrifag
• Helse- og oppvekstfag
Våre kompetente tilsette tar utgangspunkt i det faget eller deler av faga som eleven meistrar, slik at eleven kan kome lengst mogleg innafor sitt potensiale og forutsetningar. Vi har fokus på å skape eit inkluderande felleskap der alle kjenner seg likeverdige, blir sett og har reell medverknad.