Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Bilete av elev i praktisk arbeid på praksisrommet til Helse og oppvekst

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som bryr deg om andre og likar å kommunisere og samarbeide. Som elev på Helse- og oppvekstfag, lærer du mellom anna om godt helsefremmande arbeid, om fysisk og psykisk helse, om anatomi, om barn og unges utvikling, om kost og ernæring og korleis kommunisere med menneske i ulike aldre og livssituasjonar.

Etter 2 år på vidaregåande skule, kan du velge å gå ut i lære som helsefagarbeidar, eller ta påbygg til generell studiekompetanse. Eller du kan ta påbygg til generell studiekompetanse når du er ferdig med fagbrevet, og det finnes fagskular som tilbyr vidareutdanning for helsefagarbeidarar.

Målet vårt er at du skal bli ein trygg og kompetent helsefagarbeidar i framtida.

Vi tilbyr:

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg2 Helsearbeidarfag

Helse- og oppvekstfag vil gje deg ei utdanning mot interessante, givande og etterspurde yrke innan helse- og oppvekstsektoren.

Les meir på vilbli.no

Det er viktig for oss at elevane får delar av opplæringa si i bedrift. Derfor har vi eit tett og godt samarbeid med skular, barnehagar og sjukeheim i Osterøy kommune. Du vil på denne studieretninga oppleve at teori og praksis er tett knytt til kvarandre. Du vil få brukt deg sjølv i lærerike og utfordrande situasjonar.

Søk opptak

Sjå video frå Helse og oppvekst sitt praksisrom

Vg1 Helse- og oppvekstfag

 

På vg1 Helse- og oppvekstfag møter du desse programfaga:

  • Kommunikasjon og samhandling
  • Helsefremmande arbeid
  • Yrkesliv i helse- og oppvekstfag

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF).

Bryr du deg om andre menneske? Er du god på kommunikasjon? Likar du å jobba saman med andre?

Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut. I faget Yrkesfagleg fordjuping er elevane utplasserte ein dag i veka stort sett heile skuleåret.

Dette programmet passar for deg som likar å arbeida med menneske, har evne og vilje til å samarbeida, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand. 

Læreplan vg1 Helse- og oppvekstfag

Vg2 Helsearbeidarfag

 

Etter vg1 tilbyr vi vg2 Helsearbeidarfag som vil gje deg kompetanse til å jobba på sjukehus og sjukeheim, i heimesjukepleien, i rusomsorgen og innan psykiatrien, i skulen med barn eller ungdom som treng ekstra hjelp, ved opptrenings- og behandlingssentre og i bofellesskap og andre institusjonar innanfor helsefaga.

På vg2 Helsearbeidarfag møter du desse programfaga:

  • Kommunikasjon og samhandling
  • Helsefremmande arbeid
  • Yrkesliv i helse- og oppvekstfag

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF).

Hjå oss vil du få praksis innanfor helse- og omsorgstenesta og målet er at du skal utvikla deg til å bli ein kompetent helsefagarbeidar som møtar pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte.

Læreplan vg2 Helsearbeidarfag

Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matte 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Kommunikasjon og samhandling 5 5
Helsefremmande arbeid 7 7
Yrkesliv i helse- og oppvekstfag 5 5
Yrkesfagleg fordjuping 6 9
Sum timetal per veke 35 35

 

Bilete av to elevar og lærar som øver på praksisrommet

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vita korleis du søkjer læreplass, kva for nokre bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass finn du meir info i lenka under.