Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

Bilete av ein elev som har praktisk undervisning i elektro verkstaden

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Er du nøyaktig og har logisk sans? Likar du praktiske oppgåver og er interessert i framtidsretta teknologi?
Elektro og datateknologi passar for deg som vil arbeida nøyaktig, sikkert og systematisk, og som er serviceorientert i møte med kundar.

Vi tilbyr:

  • Vg1 Elektro og datateknologi
  • Vg2 Elenergi og ekom

Samfunnet vårt er avhengig av at elektriske system fungerer. Vi treng dyktige fagfolk  innan offentleg og privat verksemd mellom anna til installasjon av nye anlegg og til vedlikehald av eksisterande system.

Les meir på vilbli.no

Døme på yrke innan elektro og datateknologi kan vera elektrikar, automatikar, flymekanikar og tavle-, signal- eller heismontør.

Søk opptak

Vg1 Elektro og datateknologi

 

På vg1 Elektro og datateknologi møter du desse programfaga:

  • Energi og styringssystem
  • Elektroniske kretsar og nettverk 

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF).

Undervisninga vekslar mellom praksis og teori. I teoridelen lærer du mellom anna å tolka instruksjonar, teikningar og lovverk. Den praktiske delen føregår i ein eigen elektroverkstad der du mellom anna lærer om bruk av ulike verktøy og instrument.

Læreplan vg1 Elektro og datateknologi

Vg2 Elenergi og ekom

 

Etter vg1 tilbyr vi vg2 Elenergi og ekom som fører til læreplass i yrke som til dømes elektrikar, energimontør eller heismontør.  

På vg2 møter du desse programfaga:

  • Elenergi og styringssystem
  • Elektronisk kommunikasjon

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF).

Hjå oss vil du få:

    • ei praktisk retta utdanning for næringslivet
    • nytt og moderne utstyr, likt det ein møter i arbeidslivet
    • nært samarbeid med bedrifter som tek inn lærlingar både i Osterøy og Arna, Åsane, Bergen og offshore

På vg2 er du 4 veker i praksis i ei eller fleire bedrifter. Etter vg2 kan du gå i lære mot eit fagbrev eller ta påbygg til generell studiekompetanse. Vidare kan du gå teknisk fagskule eller ta ingeniørutdanning. Logisk tenkemåte og kreativitet er og viktig, både for å kunna løysa konkrete oppgåver og for å utvikla nye produkt.

Læreplan vg2 Elenergi og ekom

Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 0 4
Matte 3 0
Engelsk 5 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Elektroniske kretsar og nettverk 7 0
Energi og styringssystem 10 0
Yrkesfagleg fordjuping 6 9
Elenergi og styringssystem 0 12
Elektronisk kommunikasjon 0 5
Sum timetal per veke 35 35

 

Bilete av ein elev som har praktisk undervisning i verkstedet

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i godkjende lærebedrifter.

 Vil du vita korleis du søkjer læreplass, kva for nokre bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass finn du meir info i lenka under.