Osterøy vgs har ansvar for å ta vare på sikkerheita til elevar og tilsette ved skulen.
Uønska hendingar skal handterast effektivt og godt slik at skadeomfanget blir avgrensa til eit minimum. Skulen har eit kvalitetssystem med beredskapsplanar, instruks og rutinar som skal sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø ved skulen for både elevar og tilsette.
BRANNINSTRUKS
- Brann vert varsla med korte ringestøyt.
- Ved brannalarm må alle vindauge latast att av elevane som sit ved vindauga.
- Utmarsj må skje raskt, men alle må gå roleg ut til oppsamlingsplass.
- Lærar skal vera siste person som går frå klasserommet og let att døra.
- Rømmingsplan er slått opp på kvart klasserom.
- Det blir skipa til brannøvingar kvart skuleår.
Viktige meldingar frå skulen vil bli sendt via sms til elevar og eventuelt foreldre/føresette.