Hopp til hovedinnhold

Miljøfyrtårn

Logo Miljøfyrtårn

Osterøy vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn. I praksis betyr det at vi jobber kontinuerlig med å forbetre vår påverknad på miljø, klima og arbeidsmiljø i eigen drift og verdikjede. Som miljøfyrtårn blir vi målt på ulike kriterier i temaene avfall og ombruk, arbeidsmiljø, innkjøp, energi og transport.

Har du lyst å bidra til lågare klimagassutslepp og eit betre miljø? Som elev eller tilsett ved Osterøy vidaregåande skule må du kjeldesortere avfallet ditt, delta i skulen sine miljøaktivitetar og vere med å bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle.

 

Miljøsertifiseringa legg til rette for ein berekraftig vekst og reduserer belastninga på miljøet. Det inneber mellom anna at vi forpliktar oss til å:

  • kjeldesortere avfall
  • redusere avfall, både papir-, plast- og matavfall
  • prioritere kortreist mat og økologiske varer
  • redusere energiforbruket
  • legge til rette for bruk av sykkel
  • ta miljøomsyn ved innkjøp av varer og tenester
  • rapportere klima- og miljøarbeidet vårt

 

Miljørapportering 2023