Kompetansesenteret for Robotteknologi (KORT) starta som et samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune, Osterøy vidaregåande skule, og fem av dei største produksjonsbedriftene på Osterøy; Lobas, Mjøs metallvarefabrikk, K. Lerøy Metallindustri, Tysse og Gunnebo Anja Industrier.

Prosjektet har hatt som mål å styrke kompetansen innan robotteknologi og støtta opp under rekrutteringa til skulen. Kompetansesenteret har i fleire år arbeidd for å styrka samarbeidet mellom skulen og industrien for å auka kompetansen til lærarar innan bruk av robotteknologi og opparbeide eit godt og attraktivt opplæringstilbod ved skulen. Skulen kan no tilby kurs og opplæring tilbake til næringslivet og til andre skular som treng opplæring innan fagfeltet.
Osterøy Vidaregåande Skule har med dette blitt ei av dei mest framtidsretta skulane i landet når det gjeld industriell teknologi. Det tette samarbeidet med næringslivet gjer at utdanningane som blir tilbydde, er direkte tilpassa behova i eit moderne arbeidsliv. Elevane får tilgang til topp moderne utstyr, reelle oppdrag og praksismoglegheiter hjå nokre av dei fremste industribedriftene i Norge.
Osterøy sitt næringsliv er kjent for å ligge i front når det gjeld å ta i bruk ny teknologi i industrien, og KORT er eit resultat av eit tett samarbeid mellom skule og næringsliv for å dekke framtidas behov for arbeidskraft og kompetanse. Senteret tilbyr opplæring, rådgiving og testfasilitetar for moderne produksjon, slik at både elevar og tilsette i industrien kan tileigne seg relevant kompetanse.
I 2024 vart KORT utpeikt som nasjonal testarena for robotteknologi, noko som gir regionen ei unik moglegheit til å utvikle og teste nye produksjonsmetodar i praksis – ved hjelp av robotteknologi. Dette styrkar både utdanningstilbodet og konkurransekrafta til det lokale næringslivet.

Ein skule for framtida
Osterøy Vidaregåande Skule har blitt ein særs attraktiv skule for elevar som ønskjer ei framtidsretta utdanning innan forståing og bruk av robotteknologi. Gjennom samarbeid med verksemder som er leiande på sitt felt, får elevane både kompetanse og erfaring som gjer dei ettertrakta i arbeidsmarknaden – både lokalt og nasjonalt.

Kontakt oss
Telefon: 922 45 783
E-post: vidar@robotteknologi.no
Org. nr.: 934 230 167
Her kan du lese meir om Kompetansesenteret
Vestland Fylkeskommune - Robotteknologi styrkjer lokalt næringsliv
Osterøy blir nasjonal testarena for robotteknologi