Du kan vera med å bestemma over skulekvardagen din gjennom skulemiljøutvalet.
Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skuleleiinga og fylkeskommunen vere representerte.
Skulemiljøutvalet skal bidra til å sikra eleven si deltaking i arbeidet med å skapa eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet skal og delta i planlegging og gjennomføring av arbeidet for å få eit godt psykososialt og fysisk miljø på skulen. Deltakerar til skulemiljøutvalet vert valgt ut frå elevrådet.