Hopp til hovedinnhold

Korleis bli lærling

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i godkjende lærebedrifter. Her finn du meir informasjon om kva for nokre bedrifter som er godkjende lærebedrifter, og korleis du søkjer læreplass.

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere:

Finn godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ein bedrift der du ønsker å søkje læreplass? Viss ikkje kan du finna lista over godkjente lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte dei lokale opplæringskontora.

Søk læreplass

Det er fleire måter å søkje læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller senda ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlinger. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Søk læreplass her

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedrifta. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.