Hopp til hovedinnhold
Bilete av framsida med hovudinngang til skulebygget

Velkomen til skulen vår

Osterøy vgs ligg i Lonevåg på Osterøy ca. 40 min køyring frå Bergen sentrum. Skulen har om lag 200 elevar fordelt på fire utdanningsprogram. Det moderne skulebygget var ferdigstilt i 2010, med mykje nytt utstyr og lyse trivelege lokaler. På skulen jobbar vi aktivt for eit godt og inkluderande skulemiljø, og vi har svært gode resultat innan trivsel, læringskultur, faglege utfordringar samt elevdemokrati og elevmedverknad.

Velkomen som elev ved Osterøy vgs.

Første skuledag er torsdag 14. august. Legg merke til at dette er tidlegare skulestart enn dei vidaregåande skulane i Bergen. Vi har skulestart samtidig som elevar i Osterøy kommune.
Elevar samla rundt eit bord

Miljøet på skulen

Vi jobbar aktivt og systematisk for at det skal vere eit godt psykososialt miljø på skulen, der kvar enkelt elev kan oppleva tryggheit og sosial tilhøyrsle. Eleven sitt psykososiale miljø dreier seg om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen.

Aktuelle saker

04.07.2025

Skulestart

Velkomen til nytt eit skuleår! Her finn du informasjon for deg som skal starte på Osterøy vidaregåande skule til hausten.

Bilde av bøker i biblioteket
26.06.2025

Gratis leige av skulelokale - aktivitetar for barn og ungdom

No kan frivillige lag og organisasjonar søke om gratis leige av lokale ved Osterøy vidaregåande skule.

26.06.2025

Meir opplæring i fag frå vidaregåande skule

Om du har stryk i fag (karakteren 1, eller IV til standpunkt), får 1 eller har fråvær på eksamen har du rett på meir opplæring fram mot ny standpunktkarakter.

30.05.2025

Eksamen

Informasjon til elev og føresett om klage på standpunktkarakterar og klagefristar.

Elevar som sit ved pulten sin og skriv på eit ark det står eksamen på.